Søk tilskudd til kompetanseløft!
Søk Møre og Romsdal fylkeskommune: Yrkesfagleg rekvalifisering - tilskot til kompetanseheving for tilsette i godkjente lærebedrifter. Søknadsfrist er forløpende frem til 1. mai.Formålet med ordninga
Formålet med ordninga er å mobilisere personar med godkjent studie- eller yrkeskompetanse til å ta eit nytt fagbrev. Dette skal medverke til at verksemder i privat og offentleg sektor kan møte dagens og framtida sitt kompetansebehov og samtidig styrke varig tilknyting til arbeidslivet for den tilsette.
Kven kan søke?
Det er lærebedrifta eller kommunen som kan søke og vil få utbetalt midlane.
Bedrifta som søker må vere godkjend lærebedrift. Er ikkje bedrifta godkjend må ein først søke godkjenning. Klikk her for meir informasjon om korleis ein søker om godkjenning.
Kandidater som kvalifiserar til praksiskandidatordninga kan ikkje inngå i ordninga.
Kva kan det søkast støtte til?
Bedrifta skal nytte tilskotet til fag- og yrkesopplæring for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, men som treng eit nytt fagbrev.
Eksempel på utgifter som støtta kan brukast til: kursavgift, organisering og gjennomføring av opplæring, utgifter til fagprøve og eksamen. Bedrifta kan søke om inntil 65 000 kroner per kandidat.
Søknaden må innehalde:
* Informasjon om kompetansebehovet i lærebedrifta
* Opplæringsplan for kandidaten det søkast midlar for
Bedrifter kan ikkje søke om midlar til allereie godkjende lærekontrakter.
Målgruppa for ordninga er personar med omstillingsbehov som allereie har studie- eller yrkeskompetanse og undom som ikkje er motivert for eller ikkje kjem inn i høgare utdanning.
Lærekontrakt
Når bedrifta teiknar lærekontrakt med tilsette som skal ta nytt fagbrev eller lærekontrakt etter fullført studiekompetanse, vil det følge basistilskot 2 med kvar kontrakt. Basistilskot 2 utgjer 5 452 kroner pr månad. Støtta frå ordninga «Yrkesfagleg rekvalifisering» kjem i tillegg til basistilskot 2.
Arbeidsavtale skal sendast inn i samband med teikning av lærekontrakt.
Søknadsperioden er 20. januar til 1. mai 2023. Søknadar blir behandla fortløpande fram til 1. mai, eller så langt midlane rekk."
Se mer og søk her